From Wikipedia, the free encyclopedia
Abdi Bile (fødd 28. desember 1962) er ein somalisk tidlegare friidrettsutøvar som under VM 1987 vart den fyrste somaliske verdsmeisteren i friidrett då han vann 1500-meteren.
Abdi Bile | |
Statsborgarskap | Somalia |
Fødd | 28. desember 1962 (61 år) Las Anod |
Yrke | mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 185 centimeter |
Abdi Bile på Commons |
Bile vart andremann på 1500 m då afrikameisterskapen 1985 fann stad i Kairo, der einast Omer Khalifa frå Sudan var hans overmann. To år seinare vann Bile ein suveren siger på same distansen under friidretts-VM 1987 i Stuttgart, over eit sekund føre nestemann.
I 1989-sesongen var Bile i sitt livs form. Den 16. august sette han personleg rekord på 800 meter med 1.43,60 i eit stemne i Zürich. Få veker seinare, den 3. september, gjorde han sitt livs beste 1500 meter då han vart klokka inn på 3.30,5 i Rieti. Dei komande åra var han ofte skadeplaga. Under VM i 1993 i Stuttgart tok han bronsemedaljen på 1500 meter, klart slått av algeriaren Noureddine Morceli og hakk i hæl på spaniaren Fermín Cacho. Sidan tok Bile seg til OL-finalen på 1500 m i Atlanta i 1996, der han enda på sjetteplassen, 33 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.