britisk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia
Alan Alexander Milne (18. januar 1882–31. januar 1956), kjend som A.A. Milne, var ein britisk forfattar som er best kjent for bøkene om Ole Brumm. Han har òg skrive barnerim, nokre av dei om Ole Brumm og vennene hans.
Alan Alexander Milne | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 18. januar 1882 London, Henley House |
Død |
31. januar 1956 (74 år) |
Yrke | skribent, lyrikar, romanforfattar, barnebokforfattar, manusforfattar, offiser, prosaforfatter, skodespelforfattar, essayist, forfattar, novelleforfattar |
Språk | engelsk |
Far | John Vine Milne |
Mor | Sarah Maria Heginbotham |
Ektefelle | Daphne Milne |
Alan Alexander Milne på Commons |
A.A. Milne vart fødd i Skottland, men voks opp i London. Som barn hadde han blant anna H. G. Wells som lærar. Han gjekk på Westminster School og Trinity College, Cambridge der han studerte matematikk. Under opphaldet der kom han på trykk i studentmagasinet Granta.
A.A. Milne skreiv for det britiske humorbladet, og blei sidan assisterande redaktør for bladet. Milne deltok i den britiske hæren under første verdskrigen, men etter krigen fordømde han krigen i Peace with Honour (1934) (ei fordømming han modererte noko i 1940 med War with Honour). I 1925 kjøpte han ein landstad i Hartfield i East Sussex og flytta hit etter å ha blitt ufør etter ein hjerneoperasjon i 1952.
Etter at A.A. Milne døydde, vart rettane til Ole Brumm-figurane selde til Walt Disney Company, som har lagd fleire teiknefilmar om Ole Brumm og produsert mange Ole Brumm-relaterte produkt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.