From Wikipedia, the free encyclopedia
Årdal kyrkje er ei krosskyrkje i tre i Hjelmeland kommune i Rogaland fylke. Ho vart innvia i 1919 og vert kalla Årdal nye kyrkje for å skilje ho frå Årdal gamle kyrkje frå 1620. Arkitekt for kyrkja var Einar Halleland frå Haugesund.
Årdal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Stavanger | ||
Prosti | Ryfylke | ||
Sokn | Årdal i Ryfylke | ||
Fellesråd | Hjelmeland | ||
Stad | Årdal kyrkje Foto: Ztarbreaker | ||
Arkitekt | Einar Halleland | ||
Teknikk | tre | ||
Innvigd | 1919 | ||
Preikestol | Preikestol i tre frå 1919 | ||
Døypefont | Døypefont i tre frå 1919 | ||
Altartavle | Altartavle av Frank Frantzen frå 1968 | ||
Sitjeplassar | 250 | ||
Diverse | Dansk orgel frå 1984 | ||
Årdal kyrkje i Hjelmeland 59.1546°N 6.1905°E | |||
Wikimedia Commons: Årdal nye kirke | |||
Årdal nye kyrkje vert reist etter ei pengeinnsamling gjort av utvandra amerikanarar frå Årdal. Kyrkja har 250 sitjeplassar og orgelgalleri.
Altartavla av Frank Frantzen er frå 1968 med motiver frå Jesu liv. Preikestolen er i tre frå 1919, det framgår ikkje kven som har laga ho. Døypefonten er frå same år og i tre. Pipeorgelet er dansk frå 1984 og har 12 stemmer.
Det er ei klokke i kyrkjetårnet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.