From Wikipedia, the free encyclopedia
Åbjøra, eller Åelva som ho vert kalla til dagleg, er ei elv i Bindal kommune i Nordland fylke. Ho renn frå Åbjørvatnet og gjennom Åbygda. Ho munnar ut i fjorden, ikkje langt frå tettstaden Terråk. Elva er lita, men ei god lakse- og sjøaureelv. Elva vart fram til 1970-talet nytta til tømmerfløting. Dette opphøyrde då Åbygda fekk fast vegsamband (Fylkesveg 7200) først til Helstad i 1973 og til Terråk i 1980.
Åbjøra | |||
elv | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Åbjøra i Nordland 65.0246°N 12.7681°E |
Ein del av Åelva som liknar på ein liten fjord, vert kalla Floet. Denne «fjordarmen» er konstant brakkvasshaldig på grunn av eit stadig tilsig av sjøvatn kvar gong sjøen flør opp.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.