From Wikipedia, the free encyclopedia
Zlatibor (serbisk Златибoр) er eit fjellområde i vestlege delar av Serbia og ein del av Dei dinariske Alpane.
Fjella dekkjer eit område på om lag 300 km², er 17 km lang og 14 km breie. Den høgaste toppen er Tornik på 1496 meter over havet.
Zlatibor er administrativt delt inn i tre kommunar i Serbia: Čajetina, Užice og Nova Varoš. Jernbanelinja Beograd-Bar går gjennom Zlatibor.
I sør og aust grensar Zlatibor til elvane Uvac og Veliki Rzav. I vest ligg regionen Bosnia med landsbyane Mokra Gora, Semegnjevo og Jablanica.
Zlatibor ligg nord i den historiske regionen Stari Vlah, mellom Raška, Herzegovina og Bosnia. På åsen Cigla nær landsyben Jablanica kan ein framleis sjå ein del av grenselinja mellom Kongedømet Serbia, Austerrike-Ungarn og Det osmanske riket. I mellomalderen vart Zlatibor kalla Rujno. Namnet Zlatibor kom i bruk på 1700-talet, men opphavet til namnet er usikkert.
Zlatibor er eit turtistområde i Serbia med eit kjølig fjellklima, rein luft, mykje sol om sommaren og mykje snø om vniteren. Her finst hotell og anlegg for skisport.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.