elv i Ukraina From Wikipedia, the free encyclopedia
Zbrutsj (ukrainsk Збруч, polsk Zbrucz) er ei elv vest i Ukraina, ei venstre sideelv til Dnestr.
Zbrutsj | |||
Збруч | |||
elv | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Bovvanets, Hrabarka | ||
• høgre | Hnylka | ||
Nedslagsfelt | 3 395 km² | ||
Lengd | 244 km | ||
Kjelde | Sjtsjasnivka, Pidvolotsjysk rajon, Ternopil oblast | ||
Munning | Dnestr | ||
Zbrutsj 49.729°N 26.166°E | |||
Wikimedia Commons: Zbruch | |||
Ho renn gjennom Det podolske høglandet og har gjeve namn til Zbrutsj-idolet, ein skulptur av ein slavisk gud (800-talet) som vart oppdaga ved elva i 1848. Idolet er 2,67 meter høgt og har sidan 1851 stått i Kraków arkeologisk museum.
Elva er ei naturleg grense mellom Ternopil oblast og Khmelnytskyj oblast. Mellom 1772 og 1793 var elva ein del av grensa mellom Polen og Austerrike, medan ho mellom 1793 og 1807 og mellom 1815 og 1918 var ein del av grensa mellom Austerrike og Det russiske imperiet. I denne tida vart elva òg kalla Pidhirtsi.
Elva er 247 km lang og drenerer eit område på 3 330 km².
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.