Yichang
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yichang (kinesisk: 宜昌; pinyin: Yíchāng) er eit byprefektur i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Folketalet i sjølve byen vart i 2005 berekna til 478 000, medan heile prefekturet har 3,92 millionar innbyggjarar. Yichang består av fem bydistrikt, tre fylke, to autonome fylke og tre byfylke. Byprefekturet har mange innbyggjarar som høyrer til minoritetsgruppa tujia.
Tre kløfter-demninga, med verdas kraftigaste vasskraftverk, demmer opp elva Chang Jiang nær byen Yichang.