Yellowstone nasjonalpark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Yellowstone nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Del av | Greater Yellowstone Ecosystem | ||
---|---|---|---|
Oppretta | 1. mars 1872 | ||
Yellowstone nasjonalpark 44.5964446°N 110.5471962°W / 44.5964446; -110.5471962 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Yellowstone National Park | |||
Yellowstone nasjonalpark ligg i delstatane Idaho, Montana og Wyoming i USA. Yellowstone er den første og eldste nasjonalparken i verda, og dekker 8983 km², for det meste i det nordvestlege hjørnet av Wyoming. Parken er kjend for geysirar, varmekjelder og andre geotermiske eigenskapar. Parken er heim for brunbjørnar, ulvar, bison og hjort. Han er kjernen i Greater Yellowstone økosystem, eit av dei største gjenverande tempererte økosystema i verda.
Lenge før menneske kom til Yellowstone, var det eit enormt vulkanutbrot som førte til at massive mengder oske dekte det vestlege USA, mykje av Midtvesten, nordlege Mexico og noko av stillehavskysten. Utbrotet var fleire gonger så stort som det ved Mount St. Helens i 1980, og resulterte i eit massivt vulkankrater som er 70 km langt og 30 km breitt, som ligg over eit enormt magmakammer (sjå Yellowstone-vulkanen). Yellowstone har hatt tre store utbrot dei siste 2,2 millionar åra, det siste av desse for 640 000 år sidan. Desse utbrota er dei største på jorda innan denne tidsramma, og førte til drastiske klimaendringar.
Parken har fått namn etter dei gule steinane i Yellowstones Grand Canyon – ei djup flenge i Yellowstone-platået som vart forma av oversvømmingar under tidlegare istider og frå elveerosjon frå Yellowstone River.