Wyre, òg tidlegare skrive Weir, er ei øy i Orknøyane i Skottland, søraust for Rousay. Ho har eit areal på 3,11 kvadratkilometer og det høgaste punktet ligg 32 meter over havet.

Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Wyre
Thumb
Geografi
Thumb
StadAtlanterhavet
Koordinatar59.12°N 2.97°W / 59.12; -2.97
ØygruppeOrknøyane

Areal3,11 km²

Høgaste punkt32 moh.
Administrasjon
LandSkottland
RegionOrknøyane

Demografi
Folketal18 (2001)
Folketettleik5,8 /km²
Lukk

Det går båt frå øya til TingwallMainland, Egilsay og Rousay.

Historie

Det finst to historiske monument på øya, Cubbie Roo's Castle og St Mary's Chapel.

Biskop Bjarne Kolbeinsson voks opp på Wyre og var son av Kolbein Hruga. Han dikta mellom anna Jómsvíkingadrápa og spelte ei viktig rolle i kanoniseringa av Ragnvald jarl.[1]

Diktaren Edwin Muir (1887-1959), kjend frå den skotske renessansen voks opp på Wyre. I sjølvbiografien sin skriv han om seg sjølv: «Eg er ein orknøymann, ein god skandinav».[2]

Cubbie Roo's Castle

Thumb
Cubbie Roo's Castle

Cubbie Roo's Castle vart bygt kring 1150 og er eit av dei eldste slotta i Skottland, mellom anna nemnt i Orknøyingasoga. Det har fått namn etter Kolbein Hruga som skal ha budd der.[2]

I Håkonssoga vert det nemnt at etter at den siste norrøne jarlen på Orknøyane, Jon Haraldsson jarl, vart myrda i Thurso, flykta drapsmennene hans til Wyre. Dei søkte tilflukt i dette slottet, som var så sterkt at forfylgjarane deira måtte inngå ein avtale med dei for å få dei ut derfrå.[2] Drapsmennene fekk grid, mot at dei skulle la kong Håkon i Noreg avgjere saka.

St Mary's Chapel

Midt på øya står eit taklaust, men stort sett komplett, kapell frå 1100-talet, St Mary's Chapel. Det har romansk arkitektur, som syner at nordmennene, som var mest kjend for vikingtokta sine, òg hadde kulturell påverknad frå andre stader av verda. Kapellet er delvis restaurert.[2]

Geografi

Som det meste av Orknøyane består Wyre av gammal raud sandstein frå devontida.[2]

Øya er lågtliggande og er forma som ein likebeint trekant på sidene. Mellom øya og Rousay ligg Wyre Sound.

Rousay ligg i nord, Gairsay i sør, Mainland i sørvest og Shapinsay i søraust.

Dyreliv

Wyre er kjend for gråsel og kobbe og har eit rikt fugleliv.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.