Wrexham
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wrexham (walisisk Wrecsam) er ein industriby i det nordlege Wales. Han er kjernen i grevskapsdistriktet Wrexham. Kring ein tredjedel av innbyggjarane i distriktet bur i sjølve Wrexham by.
Wrexham Wrecsam | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Folketal | 61 603 (2011) | ||
![]() Wrexham 53.046666666667°N 2.9936111111111°W / 53.046666666667; -2.9936111111111 | |||
Wikimedia Commons: Wrexham | |||
Byen var tidlegare eit av dei tyngste industrialiserte områda i Nord-Wales, med teglsteinproduksjon, stålverk og mange kolgruver. Alt dette er no nedlagt, og det enorme jarnbanenettverket i og rundt byen blei fjerna på 1960-talet. Mange ynskte etter det å flytta vekk frå byen, men på grunn av mangelen på arbeidsplassar og mange bustader på marknaden var det umogleg å finna nok kjøparar som var villige til å betala akseptable prisar. Byen gjekk difor inn i ei økonomisk krise.
Den negative trenden blei til ein viss grad snudd i løpet av 1990-åra, gjennom program som gav støtte til lettare industri som etablerte seg i området. Store område som var skadd av kolgruvedrift har blitt sett i stand som industriområde.
Byen har framleis nokon av dei fattigaste områda i Wales, som bydelen Caia Park. I 2003 braut det ut opptøyar der då lokale ungdomar gjekk til åtak på kurdarar som dei meinte fekk urettferdige fordeler. Då politiet kom blei det kasta brannbomber mot dei.