Woolwich
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Woolwich (uttala Woolitch) er ein stad i søraustlege London, i bydelen Greenwich. Det ligg på sørsida av Themsen, med ein liten eksklave, North Woolwich, som nå er omfordelt til bydelen Newham, på nordsida av elva.
Woolwich | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-London | |
Distrikt | Greenwich | |
Geografi | ||
Koordinatar | 51°30′N 0°4′E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SE18 | |
Telefon-retningsnummer | 0 20 | |
Det går ferje over Themsen ved Woolwich, og det er òg ein fotgjengarundergang som gir samband til nordsida.
Staden har ei lang tilknyting til militæret. I 1512 blei marineverftet Woolwich Dockyard grunnlagt der, i 1671 kom Woolwich Arsenal og i 1741 kom Royal Military Academy. Det er framleis ein militærbase og eit militært museum i Woolwich.
Fotballklubben Arsenal FC blei grunnlagt i Woolwich i 1886 av arbeidarane ved det militære arsenalet. Den heitte opphavleg Dial Square, blei så Woolwich Arsenal og ein gong etter 1891 berre Arsenal. Klubben flytta til Highbury i det nordlege London i 1913.
University of Greenwich blei grunnlagt i 1892 som Woolwich Polytechnic. Det skifta namn til Thames Polytechnic i 1970, og fekk universitetsstatus i 1992.
I 1974 blei McDonald's sin første serveringsstad i Storbritannia opna i Woolwich.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.