Wind & Wuthering
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wind & Wuthering er det åttande studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Genesis. Det kom ut 17. desember 1976 på Charisma Records og er det siste studioalbumet deira med gitaristen Steve Hackett. Etter suksessen med turneen deira i 1976 for å marknadsføre det førre albumet A Trick of the Tail, drog gruppa til Hilvarenbeek i Nederland for å spele inn oppfølgjaren, som var det første dei spelte inn utafor Storbritannia. Låtskrivinga og innspelinga førte til krangling i bandet, for Hackett meinte at somme av bidraga hans vart droppa til fordel for klaverspelaren Tony Banks sine.
Wind & Wuthering Studioalbum av Genesis | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. desember 1976 | |
Innspelt | September og oktober 1976 | |
Studio | Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland | |
Sjanger | ||
Lengd | 50:54 | |
Selskap | Charisma | |
Produsent | David Hentschel and Genesis | |
Genesis-kronologi | ||
---|---|---|
A Trick of the Tail (1976) |
Wind & Wuthering | Spot the Pigeon (1977)
|
Singlar frå Wind & Wuthering | ||
|
Albumet fekk positive meldingar frå kritikarane og bidrog til å gjere bandet meir populært i USA. Det nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 26 plassen i USA, og selde etter kvart til gullplate begge stader. Singelen «Your Own Special Way» var den første singelen deira som gjekk inn på singellista i USA, då han nådde 62. plassen. Turneen deira i 1977 vart den siste med Hackett, og den første med Chester Thompson som innleigd trommeslagar. Tre spor kom ikkje med på albumet, men vart gjeven ut på ein EP kalla Spot the Pigeon. Albumet kom ut i ein ny stereo- og 5.1 kringlyd-miks i 2007.