From Wikipedia, the free encyclopedia
Welsh corgi er ein kortbeint gjetarhund med opphav i Wales i Storbritannia. Det finst to rasar, welsh corgi pembroke og welsh corgi cardigan, med namn etter dei walisiske grevskapa Cardiganshire og Pembrokeshire. Welsh corgi pembroke er kjend gjennom si tilknyting til det britiske kongehuset, der dronning Elizabeth II gjennom åra har hatt fleire hundar av denne rasen.
Største skilnaden mellom dei to rasane er at pembroke har stubbhale eller ingen hale i det heile tatt, mens cardigan har ein reveliknande hale. Elles liknar hundane kvarandre i storleik og utsjånad, med korte føter og store øyre. Dei har likevel utvikla seg såpass uavhengig av kvarandre at beinstruktur og nøyaktig lengd og storleik er ulike.
Cardigan er den største corgien med ei vekt på 11 til noko over 17 kg (hannar). Pembroke av begge kjønn veg rundt 11-12 kg. Begge typane har ei mankehøgd på rundt 26-33 cm.
Welsh corgi cardigan er rekna som ein av dei eldste britiske hundetypane, og har vore brukt av walisiske bønder til å gjeta kveg, vera med på jakt og vakta hus og barn. Også pembroke har vore lenge i landet. Denne hunden er truleg skapt gjennom blanding med spisshundar, anten frå det europeiske fastlandet eller frå Skandinavia. Han liknar mykje på svensk västgøtaspets, men kva slektskap det er mellom desse hundane er ikkje kjent.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.