Wei He
From Wikipedia, the free encyclopedia
Wei He er ei 818 km lang elv i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Ho renn frå vest til aust og munnar ut i det midtre løpet av Huang He. Elva er den største sideelva til Huang He. Wei He har eit nedslagsfelt på 135 000 km².
Kjappe fakta Land ...
Wei He | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Wei He 34.6117°N 110.289°E / 34.6117; 110.289 | |||
Kart over Wei He sitt nedslagsfelt
| |||
Wikimedia Commons: Wei River (Yellow River tributary) | |||
Lukk
Kjeldene til Wei er i fylket Weiyuan («Weis kjelde») i provinsen Gansu, mindre enn 200 kilometer frå Huang He sine kjelder ved Lanzhou. Wei He renn i søraust- og austleg retning, medan Huang He svingar skarpt nordover og renn i ein stor boge.