From Wikipedia, the free encyclopedia
Wahhabisme er ei svært streng fundamentalistisk retning innan sunniislam, grunnlagd av Muhammad ibn Abd al Wahhab på den arabiske halvøya på 1700-talet.
Tilhengarane strevar etter å følgje Koranen og sunna slik profeten Muhammed og dei første generasjonane av muslimar etter han gjorde. Dei brukar for å oppnå dette dei forklaringane som al Wahhab skreiv om Koranen i boka Kitab al-Tawhid («Boka om monoteismen»), som inneheld ei svært detaljert tolking av koss religionen skal praktiserast. Boka fordømmer blant anna musikk, spel og annan moro, og kjem med reglar for klede og åtferd. Læra er sterkt kritisk til alle andre retningar og tolkingar, særleg sjiaislam, som blir sedd som ei kjettersk sekt.
Wahhab gjekk i allianse med Muhammed ibn Saud, forfar til dagens herskarar i Saudi-Arabia, og læra hans vart innført i dei områda ibn Saud erobra. Da huset Saud tok makta på mest heile halvøya, vart retninga med det statsreligion i Saudi-Arabia.
I dag blir wahhabismen støtta av statane Saudi-Arabia og Qatar, men wahhabistisk misjon har spreidd læra langt utom grensene for desse landa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.