Væskedynamikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Væskedynamikk er ei grein av væskemekanikk som omhandlar væsker (flytande og i gassform) i rørsle. Væskedynamikk kan igjen delast inn i fleire greiner som aerodynamikk (studiet av gassar) og hydrodynamikk (studiet av flytande væsker). Væskedynamikk har særs mange bruksområde som varierer frå utrekning av krefter og rørsler som verkar på eit luftfartøy, avgjere massestraumingsmengda igjennom røyrleidningar og varsling av vêret.
Væskedynamikk skildrar desse praktiske problema med matematiske metodar, som nyttar både empiriske og halvempiriske lover, som igjen er utleia av straummålingar. For å løyse eit problem innan væskedynamikk må ein vanlegvis gjere utrekningar som involverer forskjellige eigenskapar til væska, som snøggleik, trykk, tettleik og temperatur, alle som funksjon av tid og rom.