Voltmeter
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit voltmeter er eit apparat som vert nytta til å måle elektrisk spenning.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/Digital_Multimeter_Aka.jpg/640px-Digital_Multimeter_Aka.jpg)
Dei viktigaste typane er
- dreiespolevoltmeter, som består av eit kjensleg amperemeter (mA- eller μA-meter) med stor seriemotstand,
- elektrostatisk voltmeter, der spenningen vert målt ved den elektriske kraftverknaden mellom eit rørleg og eit fast elektrodesett,
- forsterkarvoltmeter med elektronrøyr- eller transistorforsterkar kopla til eit viserinstrument
- digitalvoltmeter, der spenningen som skal målast, blir avtasta (sampla) periodisk av ein elektronisk styrt krins, og verdien omdanna til ein tilsvarande talstorleik i ein analog-digital omformar. Verdien kan lesast av på eit taltablå (display), eller kan lagrast i eit digitalt minne for seinare utlesing.