From Wikipedia, the free encyclopedia
Vokalar i ulike skriftsystem<br\> Det varierer ein god del mellom ulike skriftsystem korleis vokalar blir attgjevne.
På både hebraisk og arabisk var det lenge vanleg å utelata vokalane, ettersom ein alltid kunne vita korleis orda skulle uttalast likevel. Etter som det munnlege språket utvikla seg vart det vanskelegare å vita kva som var den rette vokalen, og ein byrja derfor å markera vokalen med ulike teikn over eller under konsonanten.
Dei mest typiske vokalane i det latinske alfabetet er A, E, I, O og U. Y er ein vokal i mange språk, til dømes norsk, men vert brukt som ein j-lyd i andre. W vert òg brukt for ein runda vokallyd i mange språk. Æ/Ä, Ø/Ö og Å vert særleg brukte i skandinaviske språk for å uttrykkja særlege lydar der, medan andre språk bruker andre vokalar eller vokalkombinasjonar for å uttrykkja desse lydane. Norsk Å-lyd vert til dømes skrive med O i dei fleste romanske språka og med AU eller EAU på fransk.
I dei ulike indiske alfabeta er vokalane òg sett på sidelinja i høve til konsonantane. Dei kan skrivast over eller under konsonanten, eller smelta saman med han til ein kombinasjonsbokstav.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.