![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Vilvite_bergen_vitensenter_bygg.jpg/640px-Vilvite_bergen_vitensenter_bygg.jpg&w=640&q=50)
VilVite
From Wikipedia, the free encyclopedia
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9b/Vilvite_bergen_vitensenter_bygg.jpg/640px-Vilvite_bergen_vitensenter_bygg.jpg)
VilVite er eit såkalla vitensenter på Marineholmen attmed Puddefjorden i Bergen. Senteret er eigd og drive av Bergen Vitensenter AS, og er lagd for at publikum skal kunne skaffe seg lærdom innanfor faga matematikk, naturvitskap og teknologi ved sjølv å eksperimenter med det utstyret som vert stilt til rådvelde for dei. Her er både avansert og enkelt utstyr som publikum kan prøve ut og leike seg risikofritt med, og det er lagt vinn på å skape ei uhøgtidleg atmosfære der dei skal få tiltru til si eiga forståing og sine eigne evner. Føremålet er å få fram kor spanande det er å utforske, eksperimentere og drive med innovasjon.
VilVite er eit resultat av blant anna ein donasjon frå Norsk Hydro på 100 millionar kroner. Senteret har hovudfokus på hav, vêr og energi. Eit spesielt fokus er det på olje og gass og klimaforsking. Dette knyter senteret opp mot Bergen og Vestlandet sin eigenart. I tillegg er emna kropp, kreativitet og bølgjer representert mellom totalt 75 apparat og eksperiment. Senteret held og «forskarkurs» for born og unge og populærvitskaplege foredrag i helgane. Senteret er lagt til rette for å take imot skuleklasser.
VilVite er for folk i alle aldrar og med ulik forkunnskap og føresetnader, men er framfor alt meint for born og unge under utdanning. Difor har VilVite òg ein mobil avdeling kalla VilVite på hjul som vitjar skulane i fylka Hordaland og Sogn og Fjordane for å gje elevar og lærarar ein annleis skuledag. På programmet står populærvitskaplege show med ulike eksperiment, ei utstilling med naturfag- og matematikkeksperiment der elevane skal drive med forsking på eiga hand i matematikk, fysikk, biologi og kjemi, og til sist undervisningstimar for elevar der det vert teke utgangspunkt i kompetansemåla i naturfag og matematikk i Kunnskapsløftet. Tanken med dette opplegget er å gjere elvar og lærarar nyfikne, og slik stimulere til bruk av engasjerande forsøk i undervisninga.