From Wikipedia, the free encyclopedia
Vigdis Ystad, eller Åse Vigdis Ystad (13. januar 1942–7. desember 2019), var ein norsk litteraturforskar, fødd i Verdal, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1979 etter å ha vore universitetslektor og dosent same stad frå 1973, og leiar for prosjektet Henrik Ibsens skrifter frå 1998 til 2009. Ho vart dr.philos. i 1974 på ei avhandling om Kristofer Uppdals lyrikk (utgjeve i 1978).
Vigdis Ystad | |||
Fødd | 13. januar 1942 Verdal | ||
---|---|---|---|
Død | 7. desember 2019 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, litteraturhistorikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Daniel Haakonsen, Asbjørn Liland | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien Det Danske Sprog- og Litteraturselskab |
Vigdis Ystad har hatt ein rad faglege og forskingspolitiske verv. I forskingsarbeidet sitt har ho særleg interessert seg for forfattarskapen til Henrik Ibsen. Det store prosjektet Henrik Ibsens skrifter, som ho var leiar for, var ei heilt ny vitskapleg og historisk-kritisk utgåve av alle arbeida til Henrik Ibsen. Prosjektet vart avslutta i 2010 og resulterte i 16 band med Ibsens tekstar, 16 band med kommentarar og eit registerband som gjorde greie for dei filologiske retningslinene, alt utgjeve som både bøker og i elektronisk skipnad.
Vigdis Ystad er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, Kungl. Vetenskaps-Societeten, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, Det norske språk- og litteraturselskap og Nordisk Nettverk for Edisjonsfilologer. Ho var leiar av Fondet for Dansk-norsk samarbeid i åra 1978–2000. I 2012 vart ho riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen for sin innsats for norsk kulturliv.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.