norsk visesanger, visedikter og forfatter From Wikipedia, the free encyclopedia
Vidar Sandbeck (21. juli 1918–10. november 2005) var ein norsk visesongar, visediktar og forfattar frå Åsta i Åmot kommune.
Vidar Sandbeck | |||
| |||
Fødd | 21. juli 1918 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Åsta i Åmot | ||
Død | 10. november 2005 (87 år) | ||
Dødsstad | Åmot | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | songar-låtskrivar, forfattar, plateartist, visesanger | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje, Språklig samlings litteraturpris, Hedmark fylkeskommunes kulturpris, Tekstforfatterfondets ærespris, Spellemannprisen i visesang, Juryens hederspris i Spellemannprisen |
Sandbeck voks opp i tronge kår og levde eit omskifteleg liv før han etablerte seg med tekst og tonar som profesjon.
Han debuterte i 1954 med visesamlinga I døragløtten, og fekk gjennombrotet sitt som visesongar med Pengegaloppen i 1959. Etter knallsuksessen med den gjerrige gubben som «sat i kveldinga» og talde pengar, vart Sandbeck fast tilsett i Otto Nielsen sitt vekefaste radioprogram Søndagsposten. I Barnetimen for dei minste nådde han gjennom 20 år ein popularitet som kunne måle seg med Alf Prøysen og Anne-Cath. Vestly. Dei fleste av radioforteljingane hans er gjevne ut i bokform.
Litterært nådde han høgda i åra rundt 1980, med to seriar sorgmuntre barndomserindringar; åtte band barnebøker og seks band med romanar for vaksne.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.