From Wikipedia, the free encyclopedia
Vestvågøy er ei øy i Lofoten i Nordland. Øya har et areal på 411 km², og utgjer det meste av kommunen med same namn. Øya hadde om lag 10 350 innbyggjarar i 2006.
Vestvågøy | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 68°13′N 13°48′E |
Øygruppe | Lofoten |
Areal | 411 km² |
Høgaste punkt | Himmeltindan (964 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland |
Største busetnad | Leknes (2697 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 10 350 (2006) |
Folketettleik | 25,1 /km² |
Den midtre delen av øya er relativt flat og myrlendt, medan dei ytre delane i nord og sør er fjellendte. Det høgaste punktet på øya er Himmeltindan på 964 moh. Dei flate delane av øya er i stor grad jordbruksland.
Nappstraumen skil Vestvågøy frå Flakstadøya i vest, medan Sundklakkstraumen skil Vestvågøy frå Gimsøya i aust. Nappstraumtunnelen og Sundklakkstraumen bru går mellom Vestvågøy og naboøyane. Europaveg 10 kryssar øya på veg frå aust til vest i Lofoten.
Vestvågøy har fleire tettstader og fiskevær, med Leknes som kommunesenter og største tettstad. Andre fiskevær og tettstader på øya er Stamsund, Ballstad og Gravdal. På Gravdal ligg Nordlandssjukehuset Lofoten, tidlegare Lofoten sjukehus.
Vestvågøy hadde i tidlegare tider namnet Lofotr, som har gjeve namn til heile Lofoten.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.