![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/ZVO_Russia_medium_emblem.svg/langnn-640px-ZVO_Russia_medium_emblem.svg.png&w=640&q=50)
Vestre militærdistrikt i Russland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vestre militærdistrikt (russisk Западный военный округ) er eit militærdistrikt i Russland. Det set opp ein av fem operasjonelle-strategiske kommandoar for forsvaret i Russland. Militærdistriktet vart danna ved presidentdekret nummer 1144 underskrive 20. september 2010 med tidlegare Leningrad militærdistrikt som base.[1] Distriktet omfattar Austersjøflåten og støttar Nordflåten i den russiske marinen. Nordflåten vart i desember 2014 teken ut av Vestre militærdistrikt for å danna den operasjonell-strategiske kommandoen OSK Nord.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c4/ZVO_Russia_medium_emblem.svg/320px-ZVO_Russia_medium_emblem.svg.png)
Vestre militærdistrikt vil setje opp OSK Vest i krig.[2]
Luftlandestyrkar som er forlagt innan Vestre militærdistrikt er ikkje kommandomessig underlagde militærdistriktet eller OSK-en, men kontrollert av forsvarsdepartementet direkte - som ein snøgg strategisk infanterireserve (manøverelement).
Dei strategiske rakettstyrkane har òg ein armé innafor militærdistriktet sine grenser, men heller ikkje her har OSK-en mynde - korkje i fred eller krig.
Hovudkvarteret er i den gamle generalstabsygningen i St. Petersburg på den nordlege enden av slottsplassen til Vinterpalasset.
I samband med utviklinga av situasjonen i Ukraina i løpet av 2016, er første stridsvognarmé sett opp på nytt i Vestre militærdistrikt.[3] Vidare er 144. motoriserte infanteridivisjon sat opp med hovudkvarter i Jelna, og 10. stridsvogndivisjon er ekspandert frå brigade med hovudkvarter i Bogutjar. Like så er tredje motoriserte infanteridivisjon sett opp med hovudkvarter i Valujki.[4][5][6][7]