Vertsbyar for Eurovision Song Contest
Wikimedia-listeartikkel / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vertsbyar for Eurovision Song Contest gjev oversyn over byar som har arrangert Eurovision Song Contest. Tevlinga vert arrangert av landet som vinn året før, og kan sjølv velje kva for by som skal vere vert. Sjølv om tevlinga vert finansiert av sponsorar og kringkastarane frå dei ulike deltakarlanda, må vertsbyen og -landet vere ansvarleg for å dekkje kostnadene for mellom anna overføring, arena, overnattingar og transport for deltakarane. For å velje vertsby må ein sørge for å ha nok hotellrom, gode høve til transport og få støtte frå lokale styresmakter. Fleire byar kan søke om å vere vertsby, og kringkastaren vel ut den dei meiner vil gjere det best. Å arrangere tevlinga gjev òg høve til å tiltrekkje seg internasjonal merksemd.