Verdsmeisterskapen i skiskyting
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i skiskyting vert arrangert kvart år, utanom dei åra det er vinter-OL. Øvingane dei siste åra har vore individuelt (20 km for menn, 15 km for kvinner), sprint (10 km for menn, 7,5 km for kvinner), jaktstart med utgangspunkt i resultatet frå individuelt (12,5 km for menn, 10 km for kvinner), fellesstart (15 km for menn, 12,5 km for kvinner) og stafett (4 x 7,5 km for menn, 4 x 6 km for kvinner).
Den første VM i skiskyting vart arrangert i 1958, med ei (offisiell) individuell øving og ein (uoffisiell) stafett for menn. Sidan den gong har talet på øvingar auka monaleg. Frå og med 1984 fekk kvinnene sitt eige VM, og frå og med 1989 har begge kjønn delteke i felles verdsmeisterskap.