Himmelretning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Himmelretningar er dei fire hovudretningane på kompasset: nord, aust, sør og vest. dei fire himmelretningane svarar til dei fire gradverdiane på eit kompass: nord: 0 grader, aust: 90 grader, sør: 180 grader og vest: 270 grader. Enkelte kompass brukar eininga gon, der dei fire retningane svarar då til 0, 100, 200 og 300 gon. Stundom vert himmelretningane òg omtalt som verdshjørne.