Verdscupen i alpine greiner 1997/Kvinner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdscupen i alpine greiner for kvinner i 1997-sesongen tok til 26. oktober 1996 i Sölden i Austerrike og vart avslutta 16. mars 1997 i Vail i Colorado i USA.
Turneringa omfatta 31 renn og 32 tevlingar. Tevlingane fordelte seg på 9 slalåmrenn, 7 storslalåmrenn, 7 super-g-renn, 8 utforrenn og ei kombinasjonstevling, den siste basert på allereie avvikla enkeltrenn i slalåm og utfor.
Pernilla Wiberg frå Sverige var i heilt eiga klasse og vart den fyrste svenske kvinna som kleiv heilt til topps i den årlege verdscupen i alpine greiner. Førre sesongs triumfator, Katja Seizinger frå Tyskland, kom på ein soleklar andreplass framfor landskvinna Hilde Gerg.