Venus frå Willendorf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Venus av Willendorf er ein 11.1 cm høg såkalla venusfigur, ein liten kvinnefigur frå steinalderen, skoren ut av ein type kalkstein som ikkje finst i dette området, og farga med raud oker. Ein reknar med at han blei laga for 22 000 til 24 000 år sidan.
Figuren vart funnen på staden for eit gamalt teglverk nær Willendorf i distriktet Neunkirchen i delstaten Niederösterreich i Austerrike i 1908 av arkeologen Josef Szombathy, og er no utstilt i Naturhistorisches Museum i Wien. Tidfestinga til om lag 23000 år før vår tidsrekning vart gjort på grunnlag av arkeologiske granskingar av lagdelinga (stratigrafien) i jord- og leirmassane i området der figuren var teke ut.
Figuren er ikkje meint å vera ei realistisk skildring, men snarare ei idealisering av ei særs fruktbar kvinne. Difor har ho forstørra mage, bryst og vulva, medan armane er små og folda over brysta. Fjeset er skjult av noko som kan vera fletter, auge eller eit slags hovudplagg.