From Wikipedia, the free encyclopedia
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse eller meir vanleg Donau-brua (bulgarsk Дунав мост, Dunav most) er ei fagverksbru av stål over Donau, som knyter den sørlege breidda i Bulgaria til den nordlege breidda i Romania mellom byane Ruse og Giurgiu.
bulgarsk Мост на дружбата, Most na druzhbata, rumensk Podul prieteniei | |||
| |||
Type | internasjonal bru | ||
---|---|---|---|
Stad | Mellom Giurgiu i Romania og Ruse i Bulgaria | ||
Opna | 20. juni 1954 | ||
Strekning | Europaveg 85, jernbanelinje | ||
Lengd | 2 224 meter | ||
Fri høgd | 30 m | ||
Største spenn | 160 meter | ||
Kryssar | Donau | ||
Materiale | stål | ||
Utforming | Fagverksbru | ||
Transporterer | Bilar (tofeltsveg), jarnbane, fotgjengarar | ||
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse 43.8875°N 26.007222222222°E |
Brua opna 20. juni 1954 og var teikna av V. Andreev. Brua er 2,80 km lang, og er den einaste brua så langt over Donau mellom Bulgaria og Romania. Anna trafikk over elva førgår ved hjelp av ferjer. Brua har to etasjar, ein for veg (to felt), og ein for jarnbane, i tillegg til fortau for fotgjengarar. Det tok to og eit halvt år å byggje brua med hjelp frå Sovjetunionen. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse hadde lenge grensekontrollar på kvar side av brua. Etter 1. januar 2007 vart det ikkje lenger utført tollkontroll, og passkontroll vert berre utført ein stad av anten det bulgarske eller rumenske politiet, sidan grensa er ei indre grense i EU. Grensekontrollen vart heilt fjerna då Bulgaria og Romania vart ein del av Schengenavtalen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.