From Wikipedia, the free encyclopedia
Velebit er den største, men ikkje høgaste fjellkjeda i Kroatia. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Vaganski Vrh på 1 757 m. Fjellkjeda er ein del av Dei dinariske Alpane, og ligg langs kysten av Adriahavet, og Lika i indre strøk. Velebit byrjar nær Senj i nordvest ved fjellovergangen Vratnik, og endar opp 145 km lenger søraust nær kjelda til elva Zrmanja og byen Knin.
Velebit | |||
fjell | |||
Sentrale delar av Velebit | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei dinariske Alpane | ||
Høgd | 1 757 moh. | ||
Koordinatar | |||
Velebit 44.533333333333°N 15.233333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Velebit | |||
Velebit vert vanlegvis delt inn i fire område:
Heile Velebit er ein naturpark, som òg inneheld to nasjonalparkar: Paklenica og Sjeverni Velebit.
Sjeverni Velebit er vidare delt inn i spesialreservatet Hajdučki i Rožanski Kukovi, som er den mest verna statusen eit område kan få i Kroatia. Offisielt er det ikkje tillate med menneskeleg aktivitet her (bortsett frå forsking). Desse områda er lite utforska og inneheld den mest ville naturen i Kroatia, og det vil sannsynlegvis halde seg slik i framtida.
Ein gangsti kalla Premužićeva staza (Premužić sin sti) går gjennom dei nordlege og midtre delane av Velebit. Gangstien vart bygd mellom 1930 og 1933 og knyter saman nordlege og sørlege delar av Velebit. Han er 50 km lang, og mange område i Velebit hadde vore utilgjengeleg utan denne.
Velebit har òg den lengste og djupaste grotta i Kroatia. Den tredelte «Lukina jama»-grotta er 1 392 meter djup, medan «Slovačka jama» er 1 320 m.
Den imponerande naturen på Velebit har gjort det til eit nasjonalsymbol i Kroatia. Det finst ei patriotisk folkevis kalla Vila Velebita, som personifiserer ein slavisk fe som Velebit.
På Velebit kan ein sjå Degenia velebitica, ein endemisk og verna planteart av hundesennepfamilien.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.