Vatikanpalasset er den offisielle residensen til paven i Vatikanstaten, og ligg ved sida av Peterskyrkja.
Vatikanpalasset | |||
| |||
Arkitekt | Bramante | ||
---|---|---|---|
Stil | Renessansearkitektur | ||
Vatikanpalasset 41.903611111111°N 12.456388888889°E |
Palasset er eit samansett kompleks av bygningar som omfattar leilegheitene til paven, hovudkontora til den katolske kyrkja, ei mengd kapell, Vatikanmusea og Vatikanbiblioteket. Totalt er det over 1 000 rom, der dei mest berømte er Det sixtinske kapellet med freskar av Michelangelo og Rafaels stansar med freskar av Rafael.
Palasset blei bygd på 1200-talet, men paven flytta ikkje inn før i 1377 eller 1378. Palasset blei påbygd, pussa opp og utvida mykje på 1400- og 1500-talet.
Pave Frans har førebels ikkje flytta inn i Vatikanpalasset, men har føretrekt å bli verande buande i Domus Sanctae Marthae der han har budd sidan konklavet som valde han. Han planla likevel å bruka kontora i Vatikanpalasset.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Vatikanpalasset» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2021.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.