Vasskoppar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Vasskoppar

Vasskoppar (varicella simplex) er ein utbreidd smittsam barnesjukdom som dei fleste ungar får og overlever.

Thumb

Sjukdommen er forårsaka av varicella-zoster-viruset (VZV), også kjent som humant herpesvirus 3 (HHV-3), som er eitt av åtte herpesvirus som råkar menneske. Smitten blir overført gjennom dropar eller kroppskontakt med ein smitteberar, og har ei inkubasjonstid på 2–3 veker. Ein er smittefarleg frå opptil ei veke før koppane utviklar seg og til den siste er uttørka.

Vasskoppar tek gjerne til med ein mild feber. Etter nokre dagar får ein raudt utslett, koppar, først på overkroppen, deretter i fjeset og til slutt på armar og bein. Koppane er først små raude prikkar som utviklar seg til kløande blemmer. Etter eit par dagar får desse skorper og tørkar ut.

Sjukdommen gjev livslang immunitet, men hjå nokre personar kan viruset bli aktivt igjen og føra til helveteseld.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.