VM i skiskyting 1974
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i skiskyting 1974, den 13. i rekka, vart avvikla i Minsk i Sovjetunionen i tida 27. februar - 1. mars 1974. Det var fyrste gongen verdsmeisterskapen vart arrangert i Minsk og i Sovjetunionen i det heile.
For fyrste gong omfatta meisterskapen tre øvingar. Omframt 20 km normalprogram med fire skytingar, samt ein stafett, kom frå då av ein såkalla sprint over 10 km med to skytingar inn i skiskytingsprogrammet. Alle øvingane i meisterskapen var for menn.