![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/FloodlitLondonStadium.jpg/640px-FloodlitLondonStadium.jpg&w=640&q=50)
VM i friidrett 2017
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i friidrett 2017, den 16. i rekka, vart avvikla på olympiastadion i London i Storbritannia i tida frå 4. til 13. august 2017. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 48 øvingar, likt fordelt mellom menn og kvinner. For fyrste gong tevla også kvinnene i 50 kilometer kappgang, om enn berre sju utøvarar tok del i øvinga. Frå 205 deltakarland vart påmeldt 2 034 utøvarar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f1/FloodlitLondonStadium.jpg/640px-FloodlitLondonStadium.jpg)
Vinnaren av 50 km kappgang for kvinner, Inês Henriques frå Portugal, sette verdsrekord med tida 4.05.56. To nye meisterskapsrekordar kom til i meisterskapen, fyrst flytta Emma Coburn frå USA rekorden til 9.02,5 i 3 000 meter hinder og den siste meisterkapsdagen forbetra verdsrekordhaldaren og vinnaren av 50 km kappgang for menn, franske Yohann Diniz, meisterskapsrekorden til 3.33.12.
Norske Karsten Warholm vann gullmedaljen i 400 meter hekk og vart dermed den fyrste norske mannlege utøvaren som vart verdsmeister i ei løpsøving. Filip Ingebrigtsen sikra seg bronsemedaljen på 1500 meter. Isabelle Pedersen var 0,01 sekund for seint ute til å ta seg til finalen i 100 meter hekk og enda på niandeplassen i øvinga, nett som i førre VM. Hedda Hynne vart slått ut i semifinalane på 800 m, med tida 1.59,88 vart ho nummer tolv. Karoline Grøvdal kvalifiserte seg til finalen på 5 000 m, der ho plaga av førkjøling braut løpet og dermed enda på 15. og siste plassen.