VM i friidrett 2011
From Wikipedia, the free encyclopedia
Verdsmeisterskapen i friidrett 2011, det 13. i rekka, vart avvikla i Daegu i Sør-Korea mellom 27. august og 4. september 2011. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner. Frå 198 deltakarland vart påmeldt 1 945 utøvarar.
I meisterskapen vart sett ein verdskrekord. Jamaica sine fire utvalde på 4x100 meter stafett; Nesta Carter, Michael Frater, Yohan Blake og Usain Bolt gjennomførte løpet på 37,04 sekundar.
Spydkastaren Andreas Thorkildsen vann den einaste norske medaljen i meisterskapen, ein sølvmedalje. Jaysuma Saidy Ndure vart nummer fire på 200 meter, medan Ingvill Måkestad Bovim kom på sjetteplass på 1500 meter.