VM i alpine greiner 1999
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den 35. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 2. til 14. februar 1999 i Vail og Beaver Creek i delstaten Colorado i USA. Omframt super-G, utforrennet og kombinasjons-utfor for menn i Beaver Creek, fann alle dei andre øvingane stad i Vail.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/59/Vail_front_side.jpg/640px-Vail_front_side.jpg)
Meisterskapen vart dominert av utøvarar frå Austerrike og Noreg. Dei to landa drog avgarde med 22 av dei 30 medaljane som vart utdelt, Austerrike med 13 medaljar og Noreg med ni.