VM i alpine greiner 1974
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den 23. verdsmeisterskapen i alpine greiner vart avvikla i tida 3. til 10. februar 1974 i St. Moritz i kantonen Graubünden i Sveits. Både menn og kvinner tevla i fire øvingar kvar.
Medaljane var delt på utøvarar frå ni land. Austerrike vart mestvinnande land med tre gullmedaljar og i alt åtte medaljar. Gustav Thöni frå Italia og Fabienne Serrat frå Frankrike vann begge to gullmedaljar.