![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/ec/2011_Dimos_Vyronos.png/640px-2011_Dimos_Vyronos.png&w=640&q=50)
Výronas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Výronas (gresk Βύρωνας, katharevousa Βύρων, Vyron eller Viron) er ein kommune i dei austlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer administrativt til i periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.[2]
Meir informasjon Výronas Lokalt namn Βύρωνας, Geografi ...
Výronas Lokalt namn Βύρωνας | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Aten |
Koordinatar | 37°57′N 23°45′E |
Areal | 9,2 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Attikí Sentral-Aten |
Hovudsete | Výronas (59 134 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 59 134 (2021[1]) |
Folketettleik | 6428 /km² |
Lukk
Výronas er kalla opp etter George Gordon Byron, den kjende engelske diktaren og forfattaren, som var ein nasjonalhelt i Hellas.
Området bestod tidlegare av jordbruksområde i vest, medan Ymittós ligg i aust. Mellom 1920- og 1930-åra vart han kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Områda nær Ymittós er derimot dekte av skog.