Vår
årstid / From Wikipedia, the free encyclopedia
Vår er årstida som markerer enden på vinteren og komen til sommaren. I tempererte område er det vanleg å seia at våren byrjar når knoppane på trea brest og, i kaldare område, når snøen smeltar. I meteorologien reknar ein våren som den tida middeltemperaturen er mellom 0 og 10 grader og stigande. Ein kan òg han som ei viss tid: månadane mars, april og mai på den nordlege halvkula og september, oktober og november på den sørlege. I astronomisk tidsrekning byrjar våren ved vårjamdøgn og endar ved sommarsolkverv.
- Sjå Vår (fleirtyding) for annan bruk av ordet «vår»
Kva tid våren kjem på, kjem likevel mest an på breiddegraden ein er på, dessutan høgda over havet. I snøfrie område på den nordlege halvkula kan våren koma i februar, medan han ikkje kjem før i juni i polare område og i høgfjellet.