From Wikipedia, the free encyclopedia
Vágsfjørður er den nest lengste fjorden på Suðuroy på Færøyane. Fleire bygder ligg kring fjorden, mellom anna Vágur, som ligg inst i vågen og er på båe sider av fjorden, men med største delen på nordsida av fjorden. Bygda Porkeri ligg lengst ut på den nordre armen av Vágsfjørður. Mellom Porkeri og Vágur ligg den lille bygda Nes som høyrer til Vágs kommuna.
Núpurin skil Vágsfjørður i to mindre fjordar. Den sørlege delen vert kalla Lopransfjørður. Inst i Lopransfjørður ligg bygda Lopra. Austanfor Lopra rett over bygda Nes ligg bygda Akrar.
Vágs Havn er ei hamn på den nordre sida av Vágsfjørður, midt i Vágsbygd. Ho er 10-15 meter djup og fungerer som hamn for fleire fiskeriføretak, mellom anna føretaka flakavirki og alivirki. [1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.