Brukar:Hogne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hogne er mitt namn og eg er født på 70-talet i ei bygd på vestlandet. No er eg austlending.
Eg likar å skrive om det meste. Og omset ofte frå engelsk og dei skandinaviske språka.
Eg har tatt særleg ansvar for vekas artikkel og har som mål å finna dei gode eller spanande artiklane og at neste vekes artikkel skal ligge klar til ein kvar tid.
Eg er diverre av og til litt for glad i ein god diskusjon, men ver ikkje redd for å sei i frå om det er noko du meiner eg kan hjelpe til med eller eg skal endre på! Då skriv du det på diskusjonssida mi eller sender med ein e-post.
Eg er administrator her på Nynorsk Wikipedia og har vore aktiv i Wikimedia Noreg der eg frå 2015 til 2020 var vald inn som styreleiar.