![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/90/Untersberg_von_salzburg.jpg/640px-Untersberg_von_salzburg.jpg&w=640&q=50)
Untersberg
From Wikipedia, the free encyclopedia
Untersberg er eit fjellmassiv i Alpane mellom Berchtesgaden i Tyskland og Salzburg i Austerrike.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Untersberg | |||
fjell | |||
Untersberg frå Salzburg | |||
Land | ![]() ![]() | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Alpane | ||
Høgd | 1 972 moh. | ||
Koordinatar | 47°42′0″N 12°59′0″E | ||
Førstestiging | 1100-talet | ||
![]() Untersberg 47.7°N 12.983333333333°E / 47.7; 12.983333333333 | |||
Wikimedia Commons: Untersberg | |||
Lukk
Fjellet er eit svært populært turistmål, sidan det ligg nær byen Salzburg, som ligg om lag 15 km nord for fjellet. Det går fleire stiar til topps, men dei fleste brukar kabelvogna som tar passasjerane over 1 300 m til Geiereck-toppen.
Den første ein veit som var på toppen var munken Eberwein på første halvdel av 1100-talet. Han høyrte til eit augustinsk kloster ved Berchtesgaden.
I 1829 skreiv Johann Nepomuk (1783-1865), Baron av Poissl, ein opera kalla opp etter fjellet, Der Unterberg.