Universitetet for miljø- og biovitskap
From Wikipedia, the free encyclopedia
Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB), tidlegare Noregs Landbrukshøgskule, var eit norsk universitet på Ås i Akershus. I 2014 vart UMB og Noregs veterinærhøgskole slegne saman til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. I si tid var UMB den sentrale forskings- og lærestaden for bioproduksjon, miljø og landskap i Noreg. Universitetet omfatta fleire forskningsinstitutt og -miljø innan landskapsstudiar, jord-, skog- og hagebruk, husdyrhald, naturforvaltning, utviklingstudiar, økonomi og teknologiske disiplinar.
Kjappe fakta Motto, Grunnlagt ...
Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) | |||
Motto | Det levende universitet | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 2005 (1859) | ||
Type | Offentleg universitet | ||
Rektor | Knut Hove | ||
Stad | Ås | ||
Studentar | 4207 | ||
Tilsette | 1009 | ||
Erstatta av | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet |
Lukk
UMB hadde i 2012 om lag 4 000 studentar. Universietet utdanna årleg mellom 700 og 1 000 kandidatar. Noregs Veterinærhøgskole kom i tillegg.