From Wikipedia, the free encyclopedia
Umberto Boccioni (19. oktober 1882–16. august 1916) var ein italiensk målar og skulptør frå Reggio Calabria. Han er særleg kjend som ein av grunnleggarane av futurismen.
Umberto Boccioni | |
Statsborgarskap | Kongedømet Italia, Italia |
Fødd | 19. oktober 1882 Reggio di Calabria |
Død |
17. august 1916 (33 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, teiknar, fotograf, kunstkritikar, grafikar, grafikar, kunstnar |
Språk | italiensk |
Umberto Boccioni på Commons |
Boccioni begynte å studere design ved eit kunstakademi i Roma i 1901. Han og venen Gino Severini lærte pointillismen å kjenne hos målaren Giacomo Balla. I 1902 reiste han til Paris og studerte impresjonisme og postimpresjonisme. Etter ein tur i Russland i 1906 slo han seg den neste vinteren til i Venezia, der han måla aktstudiar. I tillegg tok han eit kort kurs i teikning ved eit kunstakademi i byen.
Etter han flytta til Milano i 1907 vart han kjend med Carlo Carrà, Luigi Russolo og Filippo Tommaso Marinetti. Sistnemnde vart i 1909 opphavsmann til stilretninga futurisme. Sidan tok Boccioni over som leiande teoretikar for den futuristiske kunstrørsla. Han var sentral bak utgjevinga av Manifestet til futuristiske målarar i 1910 og gav ut Futuristisk manifest for skulptur i 1912. Etter ei futuristisk måleriutstilling i Paris i 1911 begynte han å lage skulpturar og viste disse på ei utstilling i Paris i 1913.
Det sentrale i Boccionis verk var tilhøvet og spenninga mellom objektet og det kringliggjande rommet. Han fornekta førestillinga om klart definerte linjer og ein lukka skulptur; objektet burde brytast opp og gå som om det var i rommet. Skulpturen Forme uniche della continuità nello spazio («Unike formar av kontinuitet i rom») viser korleis Boccioni med dynamiske former fekk skulpturen til å uttrykke rørsle. Formene og flatene i skulpturen tyder på rørsle, uro og fart. Til liks med andre futuristar var også Boccioni sterkt påverka av kubismen, men i sine måleri og skulpturar uttrykte han det dynamiske i både menneske og dyr i futuristiske former.
Boccioni vart under 1. verdskrigen verva til den italienske hæren. Under ei øving i Verona den 16. august 1916 vart han slengt av hesten sin og trakka på. Same dagen døydde han, 33 år gammal.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.