Ullevålseter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ullevålsetermap

60°0′33.732″N 10°42′42.012″E

Thumb
Ullevålseter ein aprildag i 2011.
Foto: Oskar Seljeskog

Ullevålseter er ei såkalla markastue, ein serveringsstad i Nordmarka i Oslo, 335 meter over havet og 5,5 kilometer nord for Sognsvann og endestasjonen på Sognsvannsbanen. Ein turveg, lysløype om vinteren, går mellom Sognsvann og Ullevålseter, som ligg i eit område der skogsvegar, stigar og skiløyper møtast. Serveringsstaden har 150 sitjeplassar, og er mykje nytta av turfolk, mellom anna av unge foreldre som lett kan take med borna på ein trilletur, sykkeltur eller skitur frå Sognsvann.

Oslo kommune er eigar av Ullevålseter, som har 150 sitjeplassar og vert drive i privat regi. Den same familien har stått for drifta sidan 1927.

Opphavleg var Ullevålseter ein eigedom under Store Ullevål gard, som låg der Ullevål sjukehus ligg no. Eigedomen har vore i kommunal eige frå 1900. Det huset som står på Ullevålseter i dag, er bygd for serveringsverksemd, og har ikkje noko med den tidlegare bruken av eigedomen å gjere.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ullevålseter


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.