Universitetet i Bergen
universitet i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Universitetet i Bergen (UiB) er det nest eldste universitetet i Noreg, oppretta i Bergen i 1946.
Universitetet i Bergen | |||
| |||
Latinsk namn | Universitas Bergensis | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1946 | ||
Type | Offentleg universitet | ||
Rektor | Dag Rune Olsen | ||
Stad | Bergen kommune | ||
Studentar | 16 900 (2019) | ||
Tilsette | 4 215 (2019) | ||
Medlemskap | Coimbragruppa, ORCID, International Science Council | ||
Org.nummer | 874789542 | ||
Nettstad | https://uib.no (nynorsk) | ||
Erstattar | Kunst- og designhøgskolen i Bergen |
Med sine vel 14 500 studentar og ca. 3 450 tilsette er UiB eit mellomstort europeisk universitet. Det er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i nærleiken av dei sentrale delane av Bergen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskningsinstitusjon som dekkjer de fleste fagområda, organisert i sju fakultet og rundt 60 institutt og faglege senter.
Avdelingar ved Universitetet i Bergen er lokalisert fleire stadar i Bergen, med universitetsområde på Nygårdshøyden, Marineholmen og Årstad med Haukeland. Dei humanistiske, juridiske, psykologiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta ligg på Nygårdshøyden. Årstadvollen er helsecampus for Det medisinsk-odontologiske fakultet. Fakultetet ligg tett ved universitetssjukehusa Haukeland og Haraldsplass.