Ubåtklassen Akula
From Wikipedia, the free encyclopedia
Akula-klassa (russisk Project 971 Щука-Б (Sjtsjuka-B), sjtsjuka tyder 'gjedde') er ei russisk atomdriven ubåtklasse. Akula-klassa vart teken i bruk av den sovjetiske marinen i 1986.
Det er tre underklasser av Akula-klassa: Dei første sju Akula-I bygde mellom 1982 og 1986, fem «forbetra Akula» bygde mellom 1986 og 1991 og fire Akula-II bygde frå 1991. Denne inndelinga er omdiskutert, då skilnaden mellom «forbetra Akula» og Akula-II vert debattert av ekspertar.[treng kjelde]
Akula-klassa har dobbelt skrog og er i stand til å dykka djupare enn nokon moderne angrepsubåt; ein rekner med at dykkedjupna er 450 meter. Akula er òg den mest stillegåande russiske angrepsubåten.[treng kjelde] Den markante bulben som kan sjåast atter, over roret til båtane, er sonar som vert slept.
Alle fartøya i Akula-klassa er bestykka med fire 533-millimeter torpedorøyr som kan ta Type 53-torpedoar eller RPK-2 Viyuga kryssarmissil (NATO-nemning SS-N-15 Starfish).