![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b5/Intestine_-_sized.png/640px-Intestine_-_sized.png&w=640&q=50)
Tynntarm
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tynntarmen (lat. intestinum tenue) høyrer til fordøyingssystemet og er ein del av tarmkanalen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/76/Ileus2.png/640px-Ileus2.png)
Hjå menneske byrjar tarmen med pylorus (portnaren eller mageporten) ved magesekken og endar med Bauhins klaff (valva ileocoecalis), ein leppeaktig ventil ved byrjinga av tjukktarmen. Tynntarmen har tre delar: Tolvfingertarmen (duoedenum), jejunum og ileum. Tarmen er vanlegvis omtrent 5 meter lang, men kan vera frå 3 til 7 meter.
I den innleiande delen av tynntarmen, (tolvfingertarmen), blir det tilført galle og bukspytt, som inneheld enzym og nøytraliserer magesyre. I resten av tarmen (særleg i jejunum) blir det tilført tarmsaft frå kjertelceller som sit i slimhinnene. Her og i ileum blir nedbrytinga av næringsstoff til einingar (molekyl) så små at dei kan takast opp av organismen fullført. Molekyla blir saug opp gjennom tarmtottar langs veggane i tynntarmen.
Mellom anna tek tynntarmen opp vatn, mineral som jern, kalsium, klor og natrium, gallesalt som finst i galle, vitaminar, feitt, aminosyrer og monosakkarid.