Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid gard i Gulen kommune i Vestland fylke. Dette var Gulen og Sogn og Fjordane sin Tusenårsstad i 2005

Thumb
Tingstedet med amfi
Foto: Nina Aldin Thune
Thumb
Flolid under arbeid på Tusenårsstaden Gulatinget
Foto: Bjarne Thune

Tingstaden

Kvar sjølve tingstaden for Gulatinget har vore, er heilt sikkert. Den har vore på Guløy/Flolid gard.

Monumentet

Her er det reist eit monument over tingstaden laga av bilethoggar Bård Breivik. Det består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og staden vart høgtideleg opna 27. august 2005 av stortingspresident Jørgen Kosmo, og med mellom andre statsminister Kjell Magne Bondevik til stades. Gulatinget var eit høgtideleg samlingspunkt i si tid. Kunstverket er tenkt å markere ein historisk stad, men det skal også vere ein identitetsskapar for staden og naturen.[1]

Tingveggen

Tingveggen skal vere eit symbol på ein historisk møteplass og har eit mektig monumentpreg. Han er laga av 22 steinar som er reiste på høgkant. Kunstverket skal markere ein historisk stad og har likskap med andre monument i naturen for eksempel Stonehenge. Den monumentale utforminga gjer at kunstverket vert eit symbol for tradisjon, makt og historia til staden. Kunstverket er plassert ute i naturen, og tanken er at det skal setjast i samanheng med landskapet, naturen og staden. Staden sine historiske røter skal vere ein del av sjølve kunstopplevinga, men også naturen er teken med i utforminga av Tingveggen. Dette viser seg i materialet, stein som finst i knausane og i landskapet i Gulen.[2]

Monumentet skal også ha ein praktisk funksjon som scene og bakgrunn for framsyningar og musikk. Det er også laga eit amfi i tilknyting til Tingveggen som gjer at monumentet er i dialog med sine omgivnader i staden for å stå som eit framandt element i naturen.[3]

Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.