![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/04/Choris%252C_Tschuktschen.jpg/640px-Choris%252C_Tschuktschen.jpg&w=640&q=50)
Tsjuktsjarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tsjuktsjarar (russisk tsjuktsji, чукчи (fleirtal), tsjuktsja, чукча (eintal)) er eit urfolk frå Tsjukotka, aller lengst nordaust i Sibir, ved kysten av Nordishavet og Beringhavet. Dei snakkar eit paleosibirsk språk, tsjuktsjisk. I den siste sovjetiske folketeljinga i 1989 oppgav 15 183 at dei var tsjuktsjarar og 70,3 % snakka språket.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/04/Choris%2C_Tschuktschen.jpg/640px-Choris%2C_Tschuktschen.jpg)
Tsjuktsjarane har tradisjonelt levd av reindrift. Dei heldt sannsynlegvis tidlegare til lengre sør, og dei har fordrive andre folkeslag som yupikar og jukagirarar. Då russarane kom til området på 1700-talet, braut det ut krig der tsjuktsjarane forsvarte seg kraftig. I 1778 gjekk russarane over til ein meir fredeleg politikk der dei handla med tsjuktsjarane, men elles lét dei vera i fred.
På 1950-talet blei reindrifta tvangskollektivisert, sjølv om tsjuktsjarane kjempa mot KGB og hæren med våpenmakt. Mange tsjuktsjarar har no store helseproblem knytte til alkoholisme, feilkosthald og forureining frå gruvedrift og prøvesprengingar.